- Project Runeberg -  Hallingdal og Hallingen / Utgjeve av Mehlums vener 1943 /
144

[MARC] Author: Anders Mehlum
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sider ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

144

dreiv, so ingen kunde halde augo uppe heldt Sverre
atter ein tale til heren sin. — Å kaste seg ut for
fjellet, var galen manns ferd, sa han. Å gå på
kvarandre med våpen var heidensk. Kristne menn
som valda sin eigen bane kunde ikkje vente å finne
nåde for Gud. «Og eg bed dykk alle vere med meg
og rope på Guds, den heilage Maria’s og Heilag-
Olavs nåde og misskunn!» Då Sverre hadde tala,
låg heile fjellviddi i strålande solskin og hérfolki
sa seg samde med kongen med våpengny og hand-
slag. Dei såg no at dei var komne av leii — dei var
farne framum Vats, der dei hadde tenkt seg ned,
og var truleg upp under Reineskarvet.

Svert utasa tok no Sverre sin hér ned i Vats-
bygdi i Ålsgjeld. På fjellet trast ovan-for Vats
døydde 20 av herfolki. Dei andre kom seg fram til
ein støl. Dette var ved middagsbel på dagen. No
gjaldt det um å få upp eld, men hérfolki var so
nedfyre at dei greidde ikkje å slå eld, endå det
gjaldt livet for dei alle. Sverre sjøl kom då inn i
selet, og han greidde å slå eld. Då dei hadde kvilt
eit bel og kome seg noko til krefter, tok nokon av
dei kraftigaste karane, med kongen sjøl i brodden,
ut på vakthald. Sea var dei nede i dalen — i Vats
og Leveld, og truleg forsynte dei ses med mat-
forråd før dei för her frå og tok over til Hemsedal,
og so over Vannen til Løken ved Tisleifjord i
Valdres, vidare langs med Åbjøra til Aurdal og so
over Gudbrandsdalen og Dovre til Nidaros.

I Leveld går den segni, at Sverre denne songen
skal ha halde eit slag ved Votna elv, beint ned for
garden Løken. Då bøndane frette at det var kome
ein stor hér til Vats, samlast dei for å forsvara
dalen, og soleis gjekk det til at det vart slag her,
heiter det.

Denne segni er ikkje utruleg: Sverre og hér-

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 16:22:37 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/mahalling/1943/0148.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free