- Project Runeberg -  Hallingdal og Hallingen / Utgjeve av Mehlums vener 1943 /
145

[MARC] Author: Anders Mehlum
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sider ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

145

folki hans vanta levnetsmidlar då dei kom til Vats,
og dei sytte nok for å skaffe seg desse. Og so har
bøndane gripe til våpen mot kong Sverre. Venteleg
var det berre hovdingar som tok parti for Sverre
eller for baglane, mea bøndane sin politikk var
å verja det dei hadde, anten det so gjaldt bjørke-
beinar eller baglar.

Ved Løkje i Hemsedal vart det i fjor funne eit
sverd og fire pilar, og for nokon år sea fann Ola
Løkje eit sverd ved Helsingvatnet i nærleiken av
Skogshorn. Truleg er det kong Sverres folk som
har mista desse våpni på si ferd gjenom Hallingdal.

ELLING OG SJUGURD FOSS

Elling budde på søre og Sjugurd på nørdre Foss
i Kvisli for umlag 150 år sea. Dei var usams um
eit dele i marki og vart samde um å avgjera tvisti
med eit slagsmål. Den som vann slagsmålet skulde
få sitt fram. Dei møttest på nørdre Foss, gjekk
inn og låste døri etter seg og so gauv dei på kvar-
andre. Med det same Elling hadde låst døri, sprang
han burt til bordet og henta kåren sin, men med
ein gong var Sjugurd over han og fekk vride kåren
or hendene hans. Sjugurd vann slagsmålet og der-
med ogso saki.

MEDHUSBRØRNE OG VILLANDSTUFTEN

Guttorm og Asle Medhus i Kvisli var brør og
sterke kjempekarar. På Tufto i same grendi, tett
nedan-for Medhus budde ein mann av Villands-
ætti. Han vart til vanleg kalla Villandstuften, og
var gift med ei dotter til kaptein Dæhle. Allereide
då Guttorm var gjætslegut gjek det ord um at
det var noko millom honom og kona til Villands-

10 — Hallingdal og Hallingen.

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 16:22:37 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/mahalling/1943/0149.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free