- Project Runeberg -  Hallingdal og Hallingen / Utgjeve av Mehlums vener 1943 /
157

[MARC] Author: Anders Mehlum
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sider ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

157

på røvarane. Ein av karane hadde set får etter ein
mann og fåret gjekk til hytta. Han kom sturtande
inn og spurde kjæringi: «Kor æ den lange kniven
min!» Kjæringi fann fram kniven og røvaren stakk
han i ein haug sengklæde, for kjæringi hadde laga
det som einkvan låg svav her. Snøgg som ein ljo-
neld sprang Svein fram frå gøymsla si og slo røva-
ren ned med klubba, so han døydde. No fekk Svein
låne ein gamp hjå kjæringi, reid til bygdars og
samla folk, og sette so til skogs atter. Dei heldt
jakt på dei andre røvarane, drap dei, frelste kjæ-
ringi som røvarane hadde teke til å stelle for seg,
tok alt det godset som var røva eller stole og brende
ned hytta.

Ikké — skunda på.
Svav — sov.

KJÆRINGI SOM FLUTTE TIL EIN
ANNAN GUD

På dei tider då kristendomen var ukjend for fol-
ket i Hallingdal og folket hang fast ved den gamle
trui på Odin og Tor stod det minst eitt avguds-
bilæte i kvar bygd i dalen.

På Tjednbalsvollen å Golsreppen stod det soleis
eit stort avgudsbilæte. På Lisla i grannelaget budde
ei gamal kjæring som alle sine dagar hadde bede
til dette gudebilætet. Ein kveld kjerringi skulde
jaga heim geitane sine framum tjednet her kasta
ho ein stein etter dei, og råka — heilt uvoldan —
guden på eine ålbogen. Kjæringi skyna so pass at
ho ikkje kunde venta seg nokon hjelp av guden
etter dette. «Takk skal du ha — no æ dæ kje meir
å vente tå de», sa ho, og sea för ho støtt upp til
guden i Älsgjeld når noko stod på. Sea denne tid

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 16:22:37 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/mahalling/1943/0161.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free