Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sider ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
162
svoltne og tyrste, so raust her æ med alle ting»,
meinte Vik-kjempa. «Kem æ du? Dæ æ makti som
gjer det!» ropte slåstkjempone og vilde gå på han.
«Å, tamen gjerer noko han med», svara Vik-kjempa
og tukka seg burt etter golvet til omni, her fata
han tak i eit stykkje av omni og truste så på kara-
ne, at dei snart låg i uvet på golvet båe tvo, mea
blodet rann tå dei.
«No kan de alle koma inn — dei søv no!» ropte
Vik-kjempa til brudlaupslyden ute på tunet.
Slåstkjempone vart sende heim, med hesteskyss.
Og brudfolki visste ikkje kor best dei skulde takke
Vik-kjempa for god hjelp. Han vart gjest hjå dei
so lenge brudlaupet vara.
Ustyrjut — vill — arg og agelaus.
Gjera rødigt — gjera reint — fritt.
Tukka seg — feta seg — flytja seg.
TUNHOVDSKRUBBEN
Langt attende i tii budde det ein mann i Tunhovd,
som folk kalla Tunhovdskrubben. Og ein skrubb
var han og, ein ekte tvo-beint ulv, so — um han
ikkje var ærleg på onnor vis, gjorde han seg ærleg
fortent til namnet.
Han budde i ei hytte på Tunhovdmoen — tufti
syner framleis. Hytta låg svert einbølt og det var
tett skog kringum der på alle kantar, so ein såg
ingen stad derfrå. Tunhovdskrubben heldt mykje
til i hytta si og lydde etter rov — ein såg ingen
stad frå hytta, som sagt, og Tunhovdskrubben
hadde greidt det slik til at han kunde lye etter, og
høyre når det kom nokon, i staden for å sjå. —
Trast ned for hytta si hadde han lagt ei sver helle
tvert over vegen. Han hadde lagt ein ås under
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>