Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sider ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
163
hella midt under, noko høgt, slik at hella ikkje låg
flatt nedåt, men vippa. Når so nokon kom, måtte
hella klakke ned på den eine eller andre kanten. Ho
vart kalla Klunkhella. Når han høyrde nokon för
over hella var han ikkje sein um å koma seg ut og
sjå kven det var. Var det so nokon han hadde tanke
um hadde pengar eller verdesaker på seg, tok han
dei av dage og rodde liket ut på Tunhovdfjorden
og søkkte det ned.
En gong kom det tvo handelskarar til Tunhovd-
skrubben, seint ein kveld, og lydde etter husvere
for natti; og dette fekk dei. Han fylgde dei burt
på låven. Med det same dei la seg kjende dei ein
stokk under hovudgjerdi, og dette fann dei noko
tvetydigt. Endå dei var langframande og ingen ting
hadde høyrt um Tunhovdskrubben, stod dei upp
att og Ök seg ned i høyløa. Dei var ikkje meir enn
kome ned her, so høyrde dei nokon tusla uppe på
låven, og rett som det var høyrde dei ogso tvo
kraftige hogg i stokken som skulde ha vore hovud-
øgjerdi deira. So pusla det litt atter — det var
Tunhovdskrubben som tumla og kjende etter um
han hadde råka halsen på gjestine sine. Trast la
han i ei banne, for at han til fånyttes hadde hoggt
sund skinnfelden sin. No gjekk han att — det synte
seg at han berre vilde inn etter ei lykt og sjå til å
finne dei tvo framande. Medan kom dei seg ut or
låven, og då Skrubben var faren på låven att,
skunda dei seg inn i hytta og henta skreppone sine.
Lite grand seinare var han etter dei og skaut etter
dei med piler, men råka ikkje. Han var etter dei
heilt til Røungen, men «fekk» dei inkje. Då Tun-
hovdskrubben var død og det skulde vera gravferd
etter han, vart det som vanleg spend ein hest for
sleen med kista. Men hesten rikka ikkje lasset av
flekken. Dei freista med å spenne fyre fleire hestar,
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>