Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sider ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
165
TORS-SON
På garden Rukke i Nesgjeld budde for lang tid
sea ein mann folk kalla Tors-son. Dersom det var
sant alt det han har fortalt, hadde han upplevt
nokon av kvart. Ein gong var ei kyr gått seg ned
i ei myr — ho var sokke so djupt at då Tors-son
kom, såg han berre i horni på henne. Langt um
lenge fekk han drege henne upp og fram på ein
turr haug, men då var kyri steins dau og kald og
stiv, som ei dau kyr skal vera. Men so tok Tors-son
til å skrubbe og gnika og kna henne. Og då han
hadde halde på med dette eit bel, vart kyri varm
og levna til att, reiste seg og stod olmde og stirde
so lenge på Tors-son at han måtte gå frå henne.
Ein gong han var i Liagardane i Nesgjeld grov
han upp eit stort og langt ljomande bergmål som
var gått dit frå fjelltoppen Rauken, og selde det til
ein utlending for 20 dalar. Dette var elles røvarkjøp
for eit bergmål.
Ein annan gong skaut han ein tiur so han dratta
ned gjenom peispipa på ein gard og lukt ned i
magjerdsgryta til ei kjæring som stod kokte nons-
maten.
I Tors-son sine dagar var det ikkje påkome å
nytte seg av fyrstikkor når ein skulde få upp varme
— ein måtte slå eld med flintestein og knusk. Men
ein gong var knusken blitt rå for Tors-son, og alt
han streva var reint til fånyttes. Men Tors-son
var ikkje rådiaus: Han tok børsa og skaut eld upp
på peisen. Sprengsmellen var so kraftig at han
lyfta taket av stugu, so det fauk høgt upp i lufti,
og då det dratta ned att vart det liggjande skeivt
på, som alle kan sjå som går framum Tors-son si
stugu, men han fekk då upp eld på peisen, ja.
Ein gong — ein kald vinterdag, var ’Tors-son i
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>