Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sider ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
164
men dei vart stå-ande der. Dei kunde ikkje få
Tunhovdskrubben til kyrkjegarden med hestemakt.
Ein i laget fekk då den tanken at dei fekk freista
få liket til Tunhovdfjorden, her Tunhovdskrubben
sjøl hadde søkkt ned alle dei han hadde myrda. Og
no drog den skralaste gamp som fanst i heile øren-
di lasset som ingen ting. I hans eigen båt vart han
rodd ut på djupet og søkkt ned.
Den båten som Tunhovdskrubben hadde nytta då
han søkkte ned alle han hadde gjort det av med
og som han sjøl til slutt vart søkkt frå, tok gran-
nane sea og fyllte med stein og slepa ut på djupare
vatn, so han sokk. Og her har båten ligge til i fjor.
Stamnane og båtripone har ein kunna timja i klår-
vérsdagar, og mange både by -og bygdefolk har
vore stad skottra på denne båten. Sume har ogso
freista å få «fiska» han upp att, men det har ikkje
lukkast for nokon før i fjor sumar, då vann Arne
Holm og eit par karar til å få denne vidgjetne
båten upp att, so no er båten å sjå på Nes.
Båten er uthola av ein einaste stokk, han er 7
alnir lang og um lag 5 kvart alen på det breiaste.
Det ser ikkje ut som det skal ha vore nytta sag
eller høvel på han, utholingi har gått fyre seg med
brenning. Etter dette å døme må båten vera utende
gamal. Han skulde då vera laga fyre den tid jarn-
eller stålreidskap var kjend i Hallingdal eller
Numedal.
Botnen og stamnane og um lag halvparten av
sidevangane er det godt hald i, so nær som vangane
ved atterstamnen; dei er morkna og noko øydelagde
då båten vart teken upp. Men det er meir enn
nok att av båten til å kunne døme um korleis han
var og såg ut då han var ny og seinare i bruk.
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>