Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sider ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
178 -
haugafolki, før næste jolekveld. Folk i Hemsedal
visste namnet på sume av dei som var med i Sskreii.
Det var Tydne Ranakamb, Helge Høgføtt, Trond
Høgesyningen, Masne Trøst og Spenning Helle.
Ein joledagsmorgon då mannen på garden Fla-
fen kom i stallen, låg hesten på eine sia utasa,
trøytt og sveitt som ein laug. Han kunde ikkje rise
på føtane med eigi hjelp. Det var nok joleskreii
som hadde «lånt» hesten og nytta han som ride-
hest igjenom alle bygdar, det var ikkje å undrast
på at hesten var sveitt og stiv og støl.
LOFTHUS’N
Lofthus’n var ein gamal ungkar frå Lofthus i
Vats. På sine gamle dagar bygde han seg ei jord-
hytte ved Eldrehaugen — noko vest for Bjøberg,
og her budde han. Folk som för over fjellet millom
Hemsedal og Lærdal hadde mat med til han, so
han låg i hytta og berre åt.
KVA SKULDE MANNEN GJERA!
I gamle dagar var det fast tru over heile Hal-
lingdal at det som datt under bordet joleftan —
anten det det var ein kniv, ei skei eller kva det var,
måtte liggja der, ingen måtte ta det upp att denne
kvelden, for det var stor synd og vilde hemna seg.
I Vatsfaret — ei avsides fjellbygd som delvis
høyrer til Flå og delvis til Hedalen, sat det ein
joleftan tvo einslege gamle, barnlause ektefolk
ved jolebordet. Flust med mat hadde dei og øl og
brennevin hadde dei og, og drakk gjorde dei. Men
kjæringi, stakar, tola vel ikkje stort av det sterke,
det gjekk til hovudet. Og med kalaset var på
det beste, somna gamla og datt under bordet.
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>