Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sider ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
187
få det so godt. Kari heldt mykje av festarmannen
sin, men ho hadde like vel ein forundarleg dragnad
til denne framandkaren — so ho fylgde viljeslaust
etter han kor han gjekk. Ho hadde ikkje umtanke
til å spørja kven han var eller kor han var frå, dei
berre gjekk og det var berre han som svalla heile
tidi. Rett som det var kom dei fram til ein stor
gard med store gilde hus. Ho vart med inn. Her
var alle golv skurde og briskebarstrøydde. I lok-
hylla stod fullt upp av koppar- og messingkjerald.
Det var svere åkrar utanfor husi og Kari kunde
høyre bjølle-klangen frå buskapen som gjekk på
beite. Kari vart førd til eit gildt og herleg bord.
Då ho sette seg fram for maten neste ho hendane
og las: «I Jesu namn so går me til bords —.» Ho
kom ikkje lenger før ho fann seg att utanfor ein
bergvegg, for det var i berget ho hadde vore. Ho
kjende seg vel att i åsen her og skunda seg heim
på stølen att, men ho vart liggjande sjuk lenge etter
denne turen.
RAGNHILD RUD
Ragnhild Rud i Flå vart gift til garden Haugen
i Sigdal for so ein 90 år sea. Eit par år etter brud-
laupet vitja ho foreldri sine på Rud. Ho reid til
hest over fjellet frå Sigdal til Flå. Då ho hadde
sett seg vel til rettes i ridesalen braut mannen ein
tein av ei stor løn der på Haugen-tunet og flidde
Ragnhild til ridepisk. Då Ragnhild kom heim til
fedrenegarden Rud stakk ho denne teinen i jordi
der ute på tunet, og teinen vaks upp til ei stor,
diger løn. Denne løni står her endå som eit minne
um Ragnhild og er uvanlig trek og høg og har svere
og tettsette greiner.
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>