Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sider ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
188
HEKEN GJEKK ATT ETTER SEG
Eirik Olson Heken budde på plassen Heken i
Flå, og vart i dagleg tale kalla berre for — Heken.
Han var ein ugudeleg kropp og ei sver fyllebytte.
Det vart dikta ei vise um han, eine verset lyder
slik:
«Heken drog over Harahaug (ein sætervoll)
han skulde te Sauli og fiske.
Ho Kari kom ette mæ tolv mjølketraug,
ho var hangjen at Heken sku” tyste».
Ein gong hadde Heken drukke seg svert druk-
ken og var gremmeleg sjuk. Ein pjutrekar heitte
Gjeite-Per gav honom noko slump-brennevin med
sumt anna sterkt i, so han skulde få sveitte. Men
kuren vart for kraftig, so Heken døydde. Han vart
gravlagd på kyrkjegarden ved Ve. Kvelden etter
låg Eirik I. Ve og ein tenestguten uppe på hjallen
i den nye stugu der på Nedre-Ve. Med det same dei
heldt på å somne høyrdest det som det kom nokon
innåt skoa deira som stod attmed stegen nede i
stugun, dei totte ogso at det kom nokon luskande
upp stegen. Eirik reis på olbogane og stirde burt
til stegen, då var det som nokon tusla ned etter ste-
gen atter og trast etter var det slikt bråk nede i
stugu som 12 slåstkjempor skulde ha fare på dør.
Eirik og felagen hans sende etter på dør, men dei
såg ingen ting uvanleg, endå det var ljose natti
og ved jonsokbel um året. Dei trudde det måtte vera
Heken som gjekk att etter seg. Same kvelden såg
ein mann frå Åvestrud Heken ljos levande på hi
sia av elvi, beint ned for Hei.
Eirik Ve og tri mann med han var uppe i åsen
på tømmerhogst um hausten. Dei budde på Ola-
sæteren og hogg ved der utan for stølsbui seint
um kvelden og kasta ”n inn i bui etter kvart. No
likar ikkje haugefolket ståk um kvelden, men tøm-
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>