- Project Runeberg -  Hallingdal og Hallingen / Utgjeve av Mehlums vener 1943 /
189

[MARC] Author: Anders Mehlum
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sider ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

- 189

merhoggarane brydde seg ikkje um det. Då dei vel
hadde lagt seg um kvelden tok det til å hogge ut
for budøri, og det vart kasta med vedtre mot døri
so berre det klass.

Då det endeleg vart slutt med denne vedhogsten
såg dei ei kvit hand som tøygde seg inn gjenom eit
hol i døri og sleit av ei vidje som døri var bunden
fast med innanfrå, so døri fauk upp på vid vegg.

Det brann eit friskt eldsmæle på peisen, so alle
tri såg tydeleg den kvite handi som tøygde seg inn

” og reiv av vidjebandet. Men då dei kom ut såg dei
eller høyrde dei ikkje anna enn dei dimme kollane
og nutane der rundt umkring.

LEIKVOLLFESTEN I GOL

I katolsk tid stod det eit helgenbilæte på Leik-
voll i Gol. Kvar einaste jonsokdag samlast det folk
her frå heile Hallingdalen til gudsteneste. Etter-

på var det folkefest um kvelden og natti. Då gjekk
det jamt villt for seg med drykk og slåsting og svir.

Ved ein slik folkefest strøymde folk til frå alle
kantar so det var svart av folk i Golsbakkane. Hus-
lydane held seg godt samla frå fyrst av — mann
og kone ved sida av kvarandre og borni bak dei i
ein dott — slik såg dei forvitne på andre folk i
nærleiken, men litt um senn råka mannen på kjen-
ningar, kona på ungdomsvener på kvinnfolksida og
ungdom søkte ungdom. Det vart meir og meir leven
og ståk.

Burte ved ein låve stod tvo menn i samtale. Det
var ein mann frå Nørheim, som bad mannen på
Tjednbal um å få lånt ein større sum pengar. Men
dette fekk han ikkje. «E kunna koma i skade for
å drepa nokon her og koss skul e då greie me” frå

dæ, dersom e lånte de” pengadn mine», svara
Tjednbal”n.

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 16:22:37 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/mahalling/1943/0193.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free