- Project Runeberg -  Hallingdal og Hallingen / Utgjeve av Mehlums vener 1943 /
198

[MARC] Author: Anders Mehlum
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sider ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

198

straks fekk han krampe og bleiv. Konone kunde
ingen ting gjera. Det var i vårflaumen dette, og
Lauvdøla gjekk stor og strid med iskaldt brevatn.
Då guten var bliven, var han bliven, dei reiste no
til brudlaups mo-åleine. Fram på sumaren fann Tor-
leiv Flaten i Lio guten som lik i kvernhusslåki.
Kona hans Torleiv spurde korleis liket låg då han
fann det: «Ä, huvudet va fyri o føtadn vende
nolte», svara Torleiv. Dette vart til å le åt, moroi
over dette bakvende svaret var større, såg det ut
for, enn sorgi over guten som var kome ut for
dødsulukka. Det var no hans lagnad so at han skulde
døy der og på denne visi. Ein etter ein drattar folk
ut or livet, blir gravlagde, får ein spinkel trekross
på gravi og er gløymde alt før trekrossen har rotna
ned. Dette er so sjølvfylgjeleg og det er inkje noko
å gjera med dette, slik er no ein gong vanlege
folks filosofi.

Ambar — embar — kolk — butt (kjerald).
Nolte (tjukk 1) — mnord-etter.

OVTRU

Dei skikkar og den ovtru eg har skrivi ned her er
samla i Hemsedal, men i gamal tid var dei felles
for heile Hallingdal. No er dei umlag døydde ut
over alt.

Det ferdast allstøtt åndevesener millom menne-
skja, og desse åndene pønskar berre på å gjera
ugagn og fortred.

Haugafolki kan vera leie nok, men verst er det
utal av ånder som sviv umkring.

Haugafolki er um seg etter å få tak i barnet
allereide medan det ligg i vogga. Difor skal ein
knyte eller sy sylvpengar eller stålbitar inn i lin-

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 16:22:37 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/mahalling/1943/0202.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free