Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sider ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
202
har våga med nokon at ein skal syne sitt mot, då
slepp ein ikkje bra frå det.
Ein må akte seg for å få eden og sott eller
møte noko vondt. Blir ein brått sjuk — det kan
vera inne, på ein veg eller ute på marki — då har
ein møtt ei ånd som har kasta sjukdomen på han.
Dette kallast «å få mot». «Mot« kallast ogso dei
personar ein møter når ein skal ut på ei lengre
ferd. Dersom ein fyrst møter eit kvinnfolk, går
ikkje ferdi etter ynskje. Møter ein ein mann med
hest og reidskap går det best.
Er ein på jakt med ladd børse på aksli og møter
eit kvinnfolkmenneskje, gjerer ein klokt i å bren-
ne av den ladningen, for dette skotet er det ingi
lukke med.
Slikt som verk kan ein ogso bli kvitt med å ta noko
av vågen å kline på ein kniv. som ein legg slik
at ein eller annan framand kjem inn på han. Han
som støyter på kniven får då verken, og den fyrste
er fri. Når ein finn ein ting, skal ein difor allstøtt
sputte på tingen før ein tek han upp — for med
dette verjer ein seg mot trolldom. Kjem ein fram-
um ein stad, ein hest har rulla seg, skal ein
sputte på flekken der, og ser ein hesten ristar og
skjek seg, skal ein ogso sputte, for hesten ristar av
seg mangt vondt. Dersom ein uforvarande bryt hol
i ein flatbrødleiv, spør ein dødt. Ligg det strå eller
flisar i kross på golvet, spør ein dødt. Dersom tvo
tek likt i dørklinka, ein inne i frå, og ein ute i frå,
so spør ein dødt. Dersom born «sveipe seg» d. €.
gøymer andletet under eit klæde, spør ein dødt.
Same leids er det varsel um feigd (at det er
dødsvigde folk i nærleiken) når ein høyrer rev yle,
hubro tute eller skjør skratte um natti, når ein
drøymer um blanke hestar, når det jamt brest og
knakar i huset, når lukka fløymer inn på ein, når
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>