Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sider ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
208
ein kjem inn i eit hus der folket sit og ét, eller
når det hender noko anna uvanlegt.
Ein kan få vita um ei kone som går med barn
får gut eller gjente dersom ein rir på skilspildro
når ein vev blir klipt ned. Er den fyrste ein ser
ein mannsperson, blir det gut, er den fyrste ein
ser eit kvinnemenneskje blir det gjente. Det er
elles fårleg å opne døri med veven blir klipt ned,
for då kan det koma eit eller anna vondt på henne
som vev. For å hindre dette, står det altid ein eller
annan og passar døri med veven blir klipt ned.
Slik som vonde makter allstøtt søkjer å skade men-
neskja, gjer dei ogso all den skade dei kan på krø-
ter og annan eigedom. Når ein bufører på stølen
må ein passe på å setja tjørekross på panna og
juret på kvar kyr, so haugafolket ikkje kan få
makt til å nytte dei ut, og for at trollkatten ikkje
skal kunne skade dei.
Ein måtte fara stillsleg og ikkje gjera ståk etter
stølsvegen, når ein bufører til eller frå stølen — helst
skal ein stiltre seg fram når ein går etter fjell-
vegjer, for haugafolket vil ha fred og held av idyl-
lisk ro. Difor snur ein ogso bjølleklaven upp ned
på bjøllekyri buferdsdagen, so det ikkje skal tinkle
i bjølla. Dersom ei kyr ikkje vil trivast, er det hau-
gafolket si skuld. Får ho jurverk og mjølkar blod,
er ein trollkatt skuld i dette. Trollkatten ser ut
som eit trånysta og rullar seg etter jordi som eit
nysta. Sume kjæringar, som fekk mykje avdrott
av kyrne, trudde ein stod på sers god fot med ein
trollkatt. Trollkatten rulla avstad til andre sine
kyr, hoppa upp i juret hjå dei og saug ut mjølki,
som han för attende med til henne han hadde god-
hug for. Dersom ei av desse kjæringane hadde vore
i ei framand stølsbu um dagen, var det visst at ei
kyr der på stølen mjølka blod um kvelden. Slike
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>