Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sider ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
Hr SÅ dr BE re ae
208
neskjekjøt, det beste av alt kjøt. Men det vart
ikkje noko grust måltid for det fyrste, for små-
gjenta lo og svalla med han, reiv han 1 pelsen, ja
ho tok han i labbane og vilde få han til å leggja
seg, plent som ho gjorde med hunden heime. Og
so var ho burte og sanka blåber, tok fram nål og
tråd og tredde blåbæri på til eit langt perleband
og gjekk burt hengde kring halsen på bjørnen. Og
bjørnen la hovudet på skakke og såg velnøgd og
hjarteglad på stasen. Men so tok det til å huje i
nærleiken. Bjørnen lika ikkje denne hujingi, var
burte og snusa på gjenta til velfar og la på tan
lenger inn i skogen. Gjenta gjekk i den leii ho
høyrde folk huja og var snart berga. Ho fortalde
um kor snill den store hunden var og at ho laga
eit perleband av blåbær og batt kring halsen hans.
Folk skyna det hadde vore ein bjørn og vart redde.
Ei tid etter vart det skote ein bjørn uppe i Garnos-
skogen her, som hadde eit perleband av blåbær
kring .halsen.
I Garnosgrendi ligg det ein plass som heiter
Braband. Elling Braband var for ein smågut å
rekne då han var uppe i skogen etter ei tømmer-
vende, medan far hans var att og skulde hogge
meir tømmer. Då Elling var komen eit godt stykke.
ned over lii vart han vår ei binne som Jaga ungane
sine or vegen og sjøl reis ho på bakføtane og kom
med gapande kjeft mot hesten og guten. Elling
skyna det var bjørn, fata ein staur og gjekk mot
binna, han lampa og slo so lenge at binna luska
inn att i skogen til ungane sine utan å gjera anten
guten eller hesten noko. Ho hadde ikkje hug til å
gjera småguten noko vondt og ho kunde ikkje få
tak i hesten utan ho hadde gjort det av med guten
fyrst.
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>