Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sider ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
207 |
Når gauken gjel i «svartan skog» d. e. før det
lauvast um våren — skal det bli mange tausir det
året — taus d. e. ei gjente som har fått lausing-
barn.
Dersom ein ynskjer at ei barn skal få godt min-
ne, skal ein gi det mat gjenom mergholet i lår-
beinet av ei kyr.
Ein skal la eit barn ta på ein hund før det tek
på ein katt, so blir det ikkje kjetalt.
Når ein hikstar er det nokon på ein annan stad
som talar um ein. Dersom ein nys, er det urokke-
leg sant det ein just har høyrt eller tenkt.
Tust — slire, treskegogn.
Kjetal — <«kilen».
SMÅGJENTA, BJØRNEN OG
ELLING BRABAND
Bamsen er barnekjær og har mykje vet — 12
manns vet, blir det sagt, men um reknestykket er
rett, veit eg ikkje, for eg har ikkje målt vetet hans,
men vet har han visseleg.
Ein gong gjekk det seg vill ei fen år gamal
smågjente i Garnosgrendi i Nesgjeld. Det var tett,
høg skog og gjenta såg berre ei stripe av himlen,
alt ho gret og alt ho gjekk, det var og vart ikkje
anna enn tett, tjukk skog. Ein og annan skogs-
fuglen såg og høyrde ho, men då ho kom nær dei,
flaug dei og so var ho atter mo åleine. Rett som
det var kom det labbande eit stort, svart lodent
dyr. Smågjenta vart so glad at ho slutta å eråte,
turka augo med trøyeermet og gjekk burt til
dyret. Men dyret var ingen hund, men ein bjørn,
og han vart ogso glad, for no skulde det bli men-
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>