- Project Runeberg -  Hallingdal og Hallingen / Utgjeve av Mehlums vener 1943 /
212

[MARC] Author: Anders Mehlum
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sider ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

212

vinternatt. Alt var kurr stillt på Nos-garden. Tor-
geir stiltra seg inn i buareane, tumla seg fram til
døri og tok til å bora med ein navar han hadde
med seg. Dette gjekk fint, han hadde snart bora
so mykje at eit spuns kringum Tåset gjekk sund
då han sette yten på døri. No var han inne. Han
fumla etter eit eller- anna, tenkte der hang vel
kjøt og slikt der. Då small det, og han kjende
fælsleg illt. Skotet hadde gange gjenom båe låri
hans og skadd honom rett ille. Han jamra seg
litegrand, men so hugsa han seg, han var redd at
nokon skulde koma på ”n, han beit tennane saman
og tægde. Han krabba meir enn han gjekk ned-
etter dei bratte liane, og vegen vart farga rau av
blod etter han. Då han kom ned til Sundbrei var
han so nedfor av blodtapet at han ikkje orka meir.
Han kunde lite tenkja for skuld blodtap og pinsle,
men han krabba inn i badstugu og her fann folk
honom um morgonen, då var han død.

Tvo mann för no til Tangeviki, til kjæringi hans
med bod. |

Dei’ helsa, som skikk er, då dei kom inn i stugu
og sette seg. So segjer den eine: «Dæ æ saktens
inkje noko gott bø me kjem mæ te de” i dag». Ho
vart bleik, kjæringi, slik tvetydig tale kunde tyde
tvo ting — fengsel eller daue — «Han Torgeir æ
dø», segjer han. «Jesu namn», svara ho, og so set
ho i å gråte.

«Ko meina du me ska gjera!» — Ho turka
augnekvarmane, og so var ho atter den harde,
skinnmagre kjæringi ho hadde vore. — «E lyt greie

dæ sjøl», segjer ho. So tek ho ein skikjelke og
dreg avgarde til Sundbrei, ber liket ut på kjelken
og dreg avgarde att upp-over Strandafjorden og
heim til Tangeviki. Her stelte ho um liket og laga
til gravferd på fatigfolks vis.

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 16:22:37 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/mahalling/1943/0216.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free