- Project Runeberg -  Hallingdal og Hallingen / Utgjeve av Mehlums vener 1943 /
213

[MARC] Author: Anders Mehlum
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sider ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

218

Då dei bar kista ut, gret ho att lite grand, men
trast var ho den harde kjæringi som før.

Var det tvo hendar mindre til å skaffe mat til
husand, so var det ogso ein munn mindre å mette.
Men noko audsleg var det no, i fyrstningi. Det var
ein tom plass, for det er få menneskje det ikkje blir
ein tom plass etter.

Husand — til husar.
Audsleg — auleg — trist, «tomt».

MEFARINGSVATNET

Ein mann dei kalla Rabben leigde eit større
fiskevatn kallast Mefaringsvatnet og betala ei årleg
leige for det. Han fekk mykje fisk, og so tok eiga-
rane til å ire på at dei hadde leigt burt for billigt
og krangla med han — vilde få avtala umatt-gjord.
Til slutt vart det slik, at dei tok vatnet frå han
att, før dei avtala åremål var ute. Rabben sa då,
at dei kunde gjerne ha vatnet for han, dei skulde
ikkje bli feite av den fisken dei fekk her-etter-dags.
Og slik gjekk det. Vatnet vart heiltupp fiskelaust,
og det er ikkje vorte fisk der atter — sea, endå
det hadde vore so godt eit fiskevatn.

Rabben var ikkje å spøkje med, han kunde gjera
åt, og då han ikkje fekk ha Mefaringsvatnet etter
avtale, gjorde han det fiskelaust.

Ire på — trega på.

IVAR NOS OG VESLE-SKOTTEBØL’N

Knut Skottebøl hadde mange sønir: Svein, som
var eldst, Stor-Ola, Vesle-Qla og Tolleiv. Ein av dei
kalla dei Vesle-Skottebøln der i grendi. Det var ei
vidgjeten slåstkjempe.

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 16:22:37 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/mahalling/1943/0217.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free