Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sider ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
217
ne bad han um husvere. Men gjenta svara avgjort
nei. Orsaki til dette vilde ikkje gjenta ut med for
det fyrste. Presten totte det var noko undarleg at
so fin ei gjente budde åleine so i ville skogen. Ende-
leg fortalde ho, at det var røvarar som heldt til
her og at ho var teken og ført hit av desse fæle
røvarane og måtte stelle huset for dei. Ho bad
han fara sin veg radt og rae, for vart han verande
til røvarane kom heim um natti, so drap dei han.
Men hr. Ole slo seg til ro.
Ut på natti kom røvarane heim. Presten hadde
budt seg til å taka mot dei, men dei var heilt ubudde
på kamp.
Det vart ein hard dyst, men til sist hadde Ole
Engelstrup banka slik upp alle røvarane at dei låg
i avmakt på golvet, sume med brotne armar og
leggjer, andre med svere sår. Hr. Ole hadde ogso
fått eit svert sår i halsen, og han bar ar etter det
all sin dag. Han tok gjenta med seg til bygdars,
då han för.
sk
Ingen veit for visst kor Tolvmilskogen låg. I
Skurdalen fekk eg elles høyre dette, som den vid-
kjende segnforteljaren Knut Haugen hadde fortalt
sone-sonen sin. — Knut Haugen hadde i sine unge
år tent på ein gard i Dagalien — ei liten fjellbygd
millom Hol og Nore i Numedal. Her hadde ei gamal
kone fortalt honom at då ho var barn, var det ei
eldgamal kone der i Dagalien — ja ho var so gamal
at ingen visste aldren på henne. Denne kona fekk
ingen eit steins ord av, utan når ho fekk sjå noko
ho aldri hadde set, eller høyre noko ho aldri hadde
høyrt um før.
For å få kjæringi til å svalle, fann nokon ung-
domar på, dei skulde bryggja øl i eit eggeskal.
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>