- Project Runeberg -  Hallingdal og Hallingen / Utgjeve av Mehlums vener 1943 /
218

[MARC] Author: Anders Mehlum
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sider ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

218

Dette fekk dei virkeleg til. Og då kjæringi såg dei
hadde vatn, malt og humle i eggeskalet sa ho:
«No æ e 112 år gamal, 0 e ha set Tolvmilskogen
brenne tolv gongu, men slikt ha e då alder set —
at dei bryggje øl i eit eggjiskal».

Etter dette skulde Tolvmilskogen truleg ha ligge
millom Hallingdal og Numedal.

DENNE GONGEN LURA
IKKJE HAUGAFOLKET KJÆRINGI

Ei kone på Brøta i Gol skulde ein kveld fram mot
sumaren gå upp til heimstølen — det var for tidleg
til å buføre til langstøls. Ho kom til ein bekk som
ho ikkje kunde koma turrskodd over både med
mjølkekjeraldi og barnet ho hadde med seg. Ho
sette difor kjeraldi frå seg og bar barnet over fyrst
— ei smågjente på 4 år. So gjekk ho attende over
bekken og henta kjeraldi.

Men då ho kom framåt ungen att sat det tri
smågjentor der ho hadde sett frå seg gjenta si
og alle tri var so like både med klædi og elles, at
ho ikkje kunde sjå den aller minste skilnad på dei.
Ho visste difor ikkje kven som var hennar. Men
kjæringi var no ikkje so fåtenkt like vel som hauga-
folket hadde rekna med. Ho visste kor galne hauga-
folket var etter kristna-folk sine born, ho gjekk
difor aldri ut med barnet utan ho hadde salme-
boki med. Ho tok no fram salmeboki og heldt fram
til smågjentone og den eine av dei tok mot salme-
boki, dette var kona sitt eige barn, det var
kristna. Haugafolk-ungane torde ikkje ta handi i
salmeboki dei må tru, og dei vart ogso stums burte.
Det var haugafolk som var ute og vilde få byte til
seg eit kristna-folks barn; men denne gongen had-
de dei forrekna seg.

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 16:22:37 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/mahalling/1943/0222.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free