Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sider ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
222
garden Hus som var glad i ei gjente i Sigdal —
heitte Olaug Herbrandsdotter Haug. Guten trudde
han skulde vera vissare på å få henne dersom han
fekk presten som fyretalsmann. Han var til presten
og orda ut um dette, og presten tok på seg å fara
i veg og fri for han. Guten var att heime og venta
svert på at presten skulde koma att og ha ordna
erendet for han.
Men då hr. Tollef såg denne staute, vene gjenta
fekk han sjøl kjærleik til henne, og då han hadde
vore der på garden eit døger var han viss med seg
sjøl um at henne måtte han hava, um han so skulde
misse både kappe og krage. Han fridde difor —
for seg sjøl, og nemnde ikkje med eit ord Hus-
guten. Olaug svara ja, og dei vart vigde av Sigdal-
presten. Hr. Tollef kom attende til Ål som gift
mann med Olaug Herbrandsdotter. Guten som ikkje
våga seg til å fri sjøl fekk ha det so godt. Hr.
Tollef og Olaug Herbrandsdotter levde lenge og
lukkeleg saman og fekk mange born. Som enke vart
ho fyrst gift med hr. Jens som var sokneprest i
Nesgjeld, og då han døydde vart ho gift med etter-
mannen hans i kallet — hr. Rasmus. Med han fekk
ho ein son som vart kristna Jeremias. Han vart
hengd for tjuving. Som enke etter hr. Rasmus flytte
ho til sonen sin av fyrste ekteskap — Ola Hovtun
i Gol og her døydde ho ogso.
SOKNEPREST OLE ENGELSTRUP
I SLAGSMÅL
I gamal tid gjekk ålmannvegen gjenom Halling-
dal som ein geitestig — bakke upp og bakke ned.
Dei hadde det på det, dei gamle, at det var ein
fyremun med det, vegen heldt seg turrare i bak-
kane enn på flat mark, um vegen vart tyngre fekk
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>