Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sider ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
228
ikkje hjelpe. Vegen svinga då ogso uppum kvar
ein gard som ikkje låg alt for einbølt. Vegen gjekk
ogso framum garden Ulshagen i Älsgjeld. Sokne-
presten her — Ole Engelstrup hadde lenge ivra
for at det skulde vera slutt på den uskikken at
bøndane tok med seg heltydno når dei för til
kyrkjes. Mange bøndar, som elles lika denne djerve
presten, var hatige på han fordi dei ikkje fritt og
frelst lenger skulde få taka med seg heltydno på
kyrkjeveg, men setja våpni att heime. Ein kunde
aldri vita um ein ikkje på kyrkjeveg og aller helst
på hesteplassen fekk bruk for heltydno for å berge
liv og lemer. Skulde alle setja att heltydno heime,
måtte ogso alle i hop leggja att sitt vonde sinnes-
lag heime, men det var ikkje so visst at alle gjorde
det, meinte bøndane. Men hr. Ole var ill og skjende
kvar gong han såg nokon gjekk med heltydno.
Ein gong presten kom køyrande heim frå messe
på Torpo hadde tvo sterke bøndar, som til det siste
vilde halde på siné våpen når dei gjekk til kyrkjes,
lagt seg på veg for han ved Ulshagen og hadde
tenkt seg til rettig å rundjule han. Då hr. Ole var
komen noko framum Ulshagen sprang desse tvo
bøndane fram og gjekk laus på presten med hogg
og slag. Hr. Ole forsvara seg som ein mann og gav
harde slag igjen og kom frå dei med livet, men
han hadde fått eit stygt, djupt sår i kjaken og
hoka av ei heltydno, og ar etter dette hogøet bar
han til sin død. Aret syner ogso på det bilætet av
han, som hang i Ål gamle stavkyrkje so lenge den-
ne stod — bilætet som enno er i forvaring i Ål.
Han la seg til heilskjegg for å løyne det svere aret,
men det syner lell.
Frå den dagen han var i kast med dei tvo bøn-
dane ved Ulshagen la han ned strengt forbod mot
at nokon kom til kyrkjes med heltydno. Men bøn-
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>