- Project Runeberg -  Hallingdal og Hallingen / Utgjeve av Mehlums vener 1943 /
225

[MARC] Author: Anders Mehlum
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sider ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

225

Han spela inkje — han berre leika på langeleik
og klarinet. Tonane kom som trillande millom fin-
gane hans. Han var støtt so tungsindig — kunde
aldri gløyme haugagjenta, so nær som då han spela.
Men so lenge han spela var han glad, for då totte
han, han hadde henne hjå seg.

SYLVSØLJA SI MAKT

Ein kone frå Høva i Nesgjeld, som stelte på
stølen ein sumar, sette frå seg smågjenta si utan-
for buaveggen med ho gjekk burt i nemmaste hau-
gen etter ei brisketuste. Smågjenta hadde eit sylv-
spenne i bringa. Då mori kom ned mot stølen att
møtte ho ei kjæring som sa: «Hadde du ikkje hatt
Ssylvsylje på smågjenta di, hadde e tikji ho, men
no laut eg la ho bli sitande». Dermed var kjæringi
stums burte. Det var ei haugakjæring som hadde
tenkt seg til å taka barnet med” mori var burte.

UKSEN OG GRISEN

Ein skyttar frå Liagardane i Nesgjeld gjekk ein
gong — for nokon mannsaldrar sea, ned med Stor-
elvi i Hallingdal. Det var so i skymingi. Då vart
han vår ein skremeleg stor ukse og ein like so sver
gris. Han skyna straks at dette var haugakrøter,
for slike uksar og slike grisir kunde ikkje finnast
på kristna manns gard. Han kasta stål over dei
og skaut båe. Denne gongen fekk skyttaren kjøt
og flesk nok. Stutehorni var so store og romslege
då han tok finnane ut at alt kornet på garden fekk
rom der, og dette var ein god korngard og ikkje
liten gard heller. Og når horni var so store, kan
ein tenkje seg til kva det måtte vera til skrott.
Grisen var ogso eit ubeist so stort. Busti på han

15 — Hallingdal og Hallingen.

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 16:22:37 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/mahalling/1943/0229.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free