Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sider ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
224
dane slo seg saman og nekta å lystre. Då var det
hr. Ole skreiv like til kongen um saki og fekk det
svaret som futen Lars las upp på tinget på Leksvol
og som drog etter seg kampen millom hr. Ole og
Bjørn Leksvol, som før er fortald um.
HULDREGJENTA SOM SPELA
PÅ LANGELEIK
Ein ung gut frå Hovtun i Gol gjekk ein gong.
upp i fjellet og leita etter geitane som ikkje var
komne att. Og rett som det var fekk han sjå slik
ei nauven ung gjente — umlag på same alder som
han sjøl. Guten hadde aldri set noko so vent som
denne gjenta. Dei stod såg på kvarandre eit bel og
so sette dei seg og kom i samtale. Guten vart so
hugteken i gjenta at han visste kje til seg, og han
hadde fylst med henne um det so hadde vore til
verdsens ende. Han visste kje av før han var inne
i ein haug, på ein gild gard. I fjøset var fullt av
store brandute kyr og i stugu var det mengdevis
av reinskura koppar og kar, og mat alt ein kunde
ynskje seg. Gjenta sat uppe og spela for han på
langeleik og klarinet heile natti. Tonane skalv so
fint og klårt gjenom heile fjellet, det var som han
rodde på ei elv av berre tonar og musik og det var
berre han og denne unders vene gjenta på heile
ferdi, fleire såg han ikkje.
Um morgonen kom han ut or haugen att — ålei-
ne, reint fortumla av all herleg musik. Før kunde
han ikkje spela tvo tonar, men no vart han dalens
fremste spelemann. Han kunde spela slått etter
slått, song etter song dag og døger utan å spela
upp atter same slåtten. Det var ingen ende på alt
han kunde, og alt i hop hadde han lært av denne
vene haugagjenta.
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>