Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sider ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has been proofread at least once.
(diff)
(history)
Denna sida har korrekturlästs minst en gång.
(skillnad)
(historik)
repræsentantar ifraa Sørtrøndelag, Daniel K. Sæter og
John J. Reitan. Dei heldt fram dei same argumenti som
Munch og Høyem imot dei amtsnamni som var. Til
avløysarar vilde dei ha dei gamle «landsdelsnavne»,
«forsaavidt som de maatte findes at egne sig dertil, hvad vistnok
med god grund kan siges om flere af dem». Det vedtaket
som dei tvo repræsentantane vilde ha Stortinget til aa gjera,
er soleis:
«Det henstilles til regjeringen at træffe forføining til,
at de nu brugelige, men mere eller mindre uhøvelige
amtsnavne maa blive ombyttede med navne, der bedre svarer
til, hvad de skal udtrykke.»
D. Sæter referera i eit post scriptum noko av
utgreidingi etter Munch i Nyt Norsk Tidsskrift 1878.[1]
Framlegget er dagsett den 10. februar. Det er fire
dagar fyre framlegget fraa Niels Juel og Lars Liestøl og 59
andre stortingsmenn um aa jamstella det norske
folkemaalet med bokmaalet. Dei tvo framleggi ligg i same
straumen. — Framlegget fraa Høyem um folkenamn m. m.
kom òg mest paa same tid, hugsar me.[2]
Konstitusjonsnemndi (formann: Sivert Nielsen), fekk
denne saki òg. Ho vilde ikkje, eller kjende seg ikkje før
til aa gaa inn paa realiteten. Ho fyreslo aa senda saki
fram til riksstyret. Men fleirtalet lagde til at det tykte
spursmaalet fortente «alvorlig overveielse», og det gjekk
ut ifraa at naar saki soleis vart send fram til riksstyret,
so vilde ho faa slik dryfting som trongst. Det kunde daa
syna seg, um det var raad til aa gjenomføra den reformen
det var tale um for seg aaleine, eller um det laut fleire
umbøter til med det same. Høgremennene Harbitz og
Motzfeldt og Stang, og Furulund ifraa Akershus fann ikkje
«forslaget at være af saadan beskaffenhed, at noget ønske
om sagens bearbeidelse bør antydes af Stortinget».[3]
Tilraadingi er dagsett den 21. april. Ho kom fram i
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>