Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sider ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has been proofread at least once.
(diff)
(history)
Denna sida har korrekturlästs minst en gång.
(skillnad)
(historik)
andre geografiske namn enn matrikkelnamni. Dei hadde
bede um at namn paa bygder, sætrar, fjell etc. ogso maatte
koma inn under «offentlige foranstaltninger». Med tilføre
av det hadde Konstitusjonsnemndi teke inn i tilraadingi
si ein serskild passus um kartverk. Ho hadde kome med
ynskje um at dei for framtidi skulde skriva namni paa
officielle kartverk i samsvar med dei principp som ho
sjølv hadde sett upp [1] («i overensstemmelse med
ovenanførte antydninger paa en konsekvent og rigtig maade»).
Stortinget vedtok tilraadingi, og denne passusen vart
kunngjord for Forsvarsdepartementet, og derifraa for Noregs
Geografiske Uppmæling. Resultatet vart at Uppmælingi
vende seg til professor Oluf Rygh — fyrste-medlem i
matrikkelnamn-kommissjonen — og spurde um han vilde
revidera stadnamni paa karti i framtidi. Oluf Rygh tok
det paa seg. Uppmælingi fekk paa den maaten fraa daa
av ein fast maalkunnig konsulent.[2] Det førde til at det
vart mindre med mistydingar og reint meiningsvillande
forrengjingar i kartnamni enn fyrr. Med det same førde
det derimot ikkje til noko nemnande, eller kanskje i det
heile ikkje til noko uppnorsking. Ein kunde ikkje venta
det etter dei synsmaatar som Oluf Rygh hadde. Men
seinare, etter Rvgh hadde fenge arbeidt meir med
namnetilfanget, kom han til aa gjeva dei norske namnformene noko
meir rom. Ein kann sjaa det med aa granska karti. Og
ein ser det av dei instruksane som han arbeidde ut til
topografane i Uppmælingi i 1889 og 1895, um korleis dei
skulde skriva namni. Det heiter der at ord som var mykje
nytta i skriftmaalet, skulde dei skriva i bokmaalsform,
serskilt naar dei stod sist i samansette namn: t. d. hytte, stue,
sten, fjeld, ø. Men dei ordi, stend der, som ikkje eller berre
lite var nytta utanfor «almuesproget», deim skulde dei
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>