- Project Runeberg -  Norsk namneverk /
121

(1927) [MARC] Author: Gustav Indrebø
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sider ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has been proofread at least once. (diff) (history)
Denna sida har korrekturlästs minst en gång. (skillnad) (historik)

skriva etter bygdeuttala: t. d. nebba, heia, høgda, roa,
slora. Sovore hadde dei nok gjort fyrr òg, men ikkje
konsekvent; her vart det fastslege med principp at det skulde
vera soleis. Dei skulde dessutan skriva hard konsonant
«naar den høres i udtalen». Det òg hadde dei gjort fyrr, men
langt ifraa fylgjestrengt.[1] Dei tok òg til aa skriva
dubbelkonsonant i Ryghs tid, i dei tilfelle daa det kom vokal etter
(Brattaas, derimot Bratholmen).[2] I det heile hadde difor
karti vorte tydeleg noko norskare fram mot 1900 enn dei
hadde vore 50 aar fyrr.

Etter Ryghs tid gjekk dei ein mun lenger med
uppnorskingi. I den nye instruksen fraa 1905 er soleis kome
med at ord som lite eller inkje er kjende «i rigssproget»,
skal kunna faa fleirtalsendingi -an (ikkje -erne), — «særlig
for de nordlige landsdeles vedkommende». Ein ser òg av
instruksen at diftongane hadde vunne noko meir rom enn
fyrr, serskilt i fyrstelekken i samansette namn.

Alt dette vil segja at skrivemaaten paa kartverki hadde
vorte sværande uppløyst paa denne tidi, — meir uppløyst
enn nokosinne fyrr. Stoda aat det danske var undangravi,
endaa um dei framleides skreiv vel kjende ord, det vil segja
dei mest brukte ord, «i rigssprogets form», og endaa
tillemping etter dansk var hovudregelen for bøygjingsendingane.
I aari etter 1905 fekk so den nasjonale maalreisingi sterk
framgang paa mange kantar. Daa kom eit avgjerande
gjenombrot for norsk paa kartverki òg.

Utgangspunktet for dette gjenombrotet er vedtaket i
oktober 1907 um matrikkelen for Nordland og Trums, og
so den kgl. res. fraa 61 1908 um kyrkjelege og civile
inndeilingsnamn i dei same tvo fylki. Den resolusjonen førde
med seg, at dei laut spyrja korleis andre geografiske namn
skulde skrivast, fyrst og fremst i desse tvo fylki: um ein
skulde fylgja dei same reglar som fyrr, eller dei principp


[1] I instruksen forbaud Rygh òg den uskikken aa skriva t. d. «Etna
Elv» i staden for berre Etna, og «Sand øen» i staden for «Sandøen».
[2] Denne skilnaden heldt dei paa lenge, i nokon mun radt til ikring
1920.

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Fri Jan 24 23:59:04 2025 (aronsson) (diff) (history) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/namneverk/0121.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free