- Project Runeberg -  Norsk namneverk /
123

(1927) [MARC] Author: Gustav Indrebø
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sider ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has been proofread at least once. (diff) (history)
Denna sida har korrekturlästs minst en gång. (skillnad) (historik)

leggja uttala paa staden til grunn, og so normalisera dei og
jamna ut etter landsmaalet.[1]

Det var greidt at naar det hadde vorte eit sovore
umskifte paa ein stad, kunde dei ikkje vel stogga med det.
Fraa ordenssynsstad sét var det heller meiningslaust at dei
skulde ha ein skrivemaate for ein landslut og ein annan for
resten av landet. Det kunde ikkje gaa paa lengdi. Av brevet
fraa Kyrkjedepartementet til Forsvarsdepartementet ser
ein òg at riksraad Karl Seip hadde tenkt seg at skipnaden
fraa 1908 skulde vera berre millombils. Men den nemndi
som han hadde tenkt seg skulde gjera framlegg um ein
varig nyskipnad, vart det ikkje noko av. Tvo-tri
maanader etter Karl Seip hadde gjenge av som kyrkjeminister,
skreiv Kyrkjedepartementet til Forsvarsdepartementet at
det saag seg ikkje syn med daa aa fyreslaa ei sovori nemnd;
for arbeidet hennar vilde verta langt og drjugt og krevja
store utlegg.[2] Paa den visi kom den millombils skipnaden
til aa vara nokre aar, og visseleg lenger enn det hadde vore
tanken fraa fyrst av. Og upptaket til aa faa det i normal
skikk att kom ikkje til aa gaa ut ifraa Kyrkjedepartementet.

Etter dokumenti var det Den Topografiske Deildi i
Noregs Geografiske Uppmæling som drog spursmaalet um
skrivemaaten fram att. Det var i 1912—13. Det vart noko
dragsmaal denne gongen. Ikkje alle vilde ha meir slik
umbot som i 1907—08.

Den Topografiske Deildi fyrebudde paa den tid eit par
store nye kartverk, serleg difor var det um aa gjera for
dei aa faa visse for korleis skrivemaaten for namn skulde
verta. Dei vende seg til maalkonsulenten sin, professor
Falk, og bad han um ei utgreiding. Professor Falk søkte
samarbeid med professor Hægstad, og dei tvo arbeidde ut
eit framlegg um namni i Sud-Noreg. Dei sende det inn


[1] Sjaa brev fraa professor Falk til Noregs Geografiske Uppmæling
15. april og 17. mai 1912.
[2] Brevet er dagsett den 21. oktbr. 1909.
Etter Karl Seip var K. J. Hougen fungerande riksraad fraa 8. juli,
og verkeleg riksraad fraa 18. septbr. 1909—2. febr. 1910.

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Fri Jan 24 23:59:04 2025 (aronsson) (diff) (history) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/namneverk/0123.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free