- Project Runeberg -  Robinson Kruso /
57

(1905) Author: Daniel Defoe Translator: Rasmus Løland
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - X. Noko godt og noko vondt

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

57
kunde han med tidi iaa av dette. Men kor
leis var det gjenge til at kornet hadde skote
upp her no ? Han tykte fyrst at det var reint
som eit under; men daa han fekk tenkja seg
betre um, skyna han sistpaa koss det hadde seg.
Ein gong daa han var utpaa skipet, hadde
han funne nokre sekkjer som det hadde
vore korn i. Kornet sjølv var sundskore og
øydelagt av rottorne og reint til inkjes; men
sekkjerne kunde det alltid vera gagn i, og so
hadde han teke dei med. Daa han sidan
skulde gjøyma krutet sitt paa mange stader,
hadde han teke fram desse sekkjerne og vilde
bruka dei; so hadde han rist dumba og agner
ut or dei utanfor gjerdet. Men i agnerne
maatte det daa ha vore nokre heile korn som
rottorne ikkje hadde funne, og de i var det no
som hadde vakse upp etter regnet tok til.
Det som han hadde kasta burt i tankeløysa,
hadde Vaarherre gjeve han att som ei god
gaava.
I andre halvparten av juni hausta han
inn aksi og samla varsamt saman kvart kor
net, og med det same hausta han inn nokre
aks med ris som han hadde funne burtunder
berget. Dei maatte ha vakse upp der paa
same vis som byggaksi. — No hadde han
saakorn til aa byrja med.
Ein dag han stod ute millom tjeldbudi
og døri til kjellarhola, tok det med eitt til
8

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sat Jan 25 00:00:05 2025 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/nnkruso/0059.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free