Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - X. Noko godt og noko vondt
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
58
aa rasa jord og stein nedyver han iiau fjell
veggen. Det knast og brast inni kjellaren,
og jordi tok til aa rista under feterne hans
Jordskjelv, jordskjelv ! Han sprang paa berre
livet burt til stigen og ut yver gjerdet. Etter
den fyrste støyten kom det snart tvo andre
som var endaa sterkare. Eit svært fjellstykke
ein fjordung veg burtanfor vogga att og fram
og daa den tridje støyten kom, datt det i havet
med eit fælt brak. Og havet sjølv sjøa upp
og skuma og saud som ein kokande kjel; det
var likt til at det riste endaa sterkare ut
under havet enn paa land.
Robinson var so rædd og fortumla at han
hadde kasta seg beint ned paa marki og laag
der til han høyrde fjellstykket rulla i havet;
daa var det som han vakna or ei ørska.
Himmelen hadde fyrr um dagen vore klaar,
men vart no med ein gong kolsvart. Det tok
til aa blaasa og vart snart til ein tæl storm.
Havet rauk, og mange tre vart rivne upp med
røterne. Robinson sat heile tidi paa marki
og berre heldt seg fast.
Nokre timar etter stillna det endeleg av
og tok til aa regna. Men det var ikkje noko
vanlegt regn med dropar. Vatnet fløymde
ned som i lange straalar, og det vart store
høljar og tjørner alle stader det var slett
mark. Daa skyna Robinson at jordskjelvet
Var yver for denne gongen, og han vaaga seg
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>