Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - XV. Fjorde aarsdagen. Robinson lagar seg klæde og ny baat.
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
90
alltid. Han raadde yver heile øyi og kunde
gjerne kalla seg konge her, dersom han
vilde. Han kunde gjerne dyrka heile skips
laster med korn; han kunde skjota dyr og
fugl det han vilde; han kunde firma frukt
nok til aa lasta heile skip med, og mangt
anna. Men han hadde ikkje bruk for slike
mengder. Han hadde ikkje bruk for meir enn
det han turvte til aa liva av og kunde klara
seg med. Samla han paa meir, so kom det
berre til aa liggja og rotna burt. Dette heldt
honom fri for all havandsykja og all tråa
etter vinning, og alt det vonde som havand
sykja dreg etter seg. Kor lite verdt det var
aa eiga meir enn ein turvte, naar ein budde
aaleine soleis som han, skyna han best naar
han tenkte paa dei pengarne han hadde fenge
med seg fraa skipet. Det var yver 200 dalar.
Men kva bate hadde han av dei no ? Han
skulde gjerne ha gjeve ei handfull pengar
berre for ei liti tobakspipa. Ja, han skulde
gjerne gjeva alle dei 200 dalarne berre for
litegrand næpe- eller gulerotfræ eller ei flaska
med blekk til aa skriva med. So lite verd
hadde pengar i seg sjølv, naar ein ikkje kunde
gjera noko med dei. — Han hadde i eit og
alt lært seg til aa sjaa paa det han hadde
og ikkje paa det han vanta. Daa saag han
kor mykje han hadde aa takka for, og
han skyna at naar det var so mange i
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>