- Project Runeberg -  Robinson Kruso /
117

(1905) Author: Daniel Defoe Translator: Rasmus Løland
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - XIX. Robinson finn mannebein

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

117
ken med ein gong. Han var jamvel av og
saag etter kvar han skulde staa, naar han
skaut. Men han skyna snart at dette var
reint meiningslaust og vitlaust. Han hadde
ingen rett til aa skjota ned villmennerne. Dei
hadde ingen ting vondt gjort han, og naar
dei drap og aat fienderne sine, so hadde dei
vel ingen tanke um kor fælt det var det dei
gjorde. Dei hadde kje sét noko anna fyre
seg og trudde vel det skulde so vera. Det
fekk daa vera Gud som dømde og straffa dei
og ikkje han, Robinson. Skaut han paa dei,
so for han ikkje betre fram enn spanjoraine
som hadde drepe ned heile millionarne med
indianarar burti Amerika. Alle var no samde
um at det var ei avstyggjeleg slagting, og
spanjorarne hadde fenge eit ævelegt blodmerke
og skjemdarmerke paa seg for det same. –
Og so kunde det attaat vera faarlegt for han
sjølv og, dette. Fekk han ikkje skjota ned heile
hopen, so kunde dei som etter var taka paa
han og drepa han. Eller dei kunde koma
seg undan i baatarne sine og fara heim atter.
Naar det daa spurdest millom villmennerne
at det var folk her paa øyi, kunde dei snart
koma att og leita etter han og ikkje gjeva
seg fyrr dei fann han. Nei, han maatte berre
takka Gud so lenge han fekk vera for seg
sjølv og vera usedd.
So livde han stillt og rolegt eit aars tid

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 19:48:57 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/nnkruso/0119.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free