Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - XIX. Robinson finn mannebein
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
118
att og gjekk ikkje ein gong upp paa fjell
toppen og spæja etter baatar lenger. Var
villmennerne i land burtpaa den andre strandi
nokon gong, so visste han at dei ikkje hefte
lenge, og daa var det likso godt at han
ikkje visste noko um dei. Daa slapp han
for aa gaa og ottast for dei. Det var elles
det trulegaste at dei ikkje so sjeldan var i
land paa øyi, og han laut ofte tenkja paa
kor underlegt det var at han ikkje hadde
visst noko um dette frametter alle dei fyrste
aari han var her. Tenk um han hadde
raaka ein flokk av dei daa han enno budde
reint verjelaus i hytta si! Eller um han
hadde raaka paa dei daa han so ofte gjekk
tankelaust ikring og hadde berre ei liti
fuglebyrsa med seg. Men den faaren ein
ikkje veit noko um, den ottast ein heller ikkje
for, og ei stor lukka var det at han ikkje
hadde sét denne store faaren fyrr han var so
godt budd paa aa verja seg.
Den einaste langferdi han gjorde dette
aaret var ein gong han gjekk yver til den
andre sida av øyi og flutte baaten sin og alt
som til høyrde; for det var ikkje uraad at
villmennerne kunde firma n der han no
laag, og daa kom dei straks til aa skyna at
her var folk. Han rodde baaten heilt ned aat
sud-enden av øyi og la han inni ei djup vik
millom tvo høge berghamrar. Der visste han
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>