- Project Runeberg -  Robinson Kruso /
135

(1905) Author: Daniel Defoe Translator: Rasmus Løland
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - XXII. Eit nytt skipsvrak

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

135
lenger. Han rodde inn iei liti vik og drog
baaten i land og gjekk so upp paa eit høgde
drag og saag utyver havet. Daa han hadde
sta’e der eit langt bil, saag han at straumarne
skifte og gjekk utyver naar sjøen fjøra, og
innyver att lenger nord naar det flødde. Dette
kveikte modet hans att. Heldt han seg berre
godt etter desse straumdragi, so kunde han
koma utyver med det eine og inn att med
det andre og faaren kanskje endaa ikkje vera
so stor.
Daa han hadde sét dette, gjekk han ned
til baaten att og la seg til aa sova natti yver,
og um morgonen etter stemnde han modig
utyver. Han kom snart ut i ein straum som
bar til havs; han hjelpte til med aararne
attaat so godt han kunde, og um tvo timars
tid hadde han alt kome, godt og vel ut til
vraket.
Skipet saag ut som det skulde vera fraa
Spania. Det laag inneklemt millom tvo berg
knausar og var ille medfare. Heile attarste
enden laag under vatnet; men framenden stod
turr og var nokorlunde heil. Daa Robinson
kom burt imot skipet, høyrde han ein hund
yla og gjøy. Han fekk auga paa ’n uppaa
dekket og ropa paa han, og hunden hoppa
straks i vatnet og kom symjande utyver.
Robinson fekk tak i han og berga han upp
i baaten. Hunden var reint forkomen av

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 19:48:57 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/nnkruso/0137.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free