Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - XXIV. Robinson og Fredag
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has been proofread at least once.
(diff)
(history)
Denna sida har korrekturlästs minst en gång.
(skillnad)
(historik)
daa han lekk auga paa han, kom han
springande og kasta seg ned paa kne for han att
og freista paa alle maatar aa syna at han
var takksam, og viljug til aa tena og lyda han.
Robinson svara med teikn at dette var godt
og vel, og so tok han til aa tala til han og
freista aa læra han nokre ord engelsk. Det
fyrste han fekk han til aa skyna Var at han
skulde heita Fredag; han gav han dette
namnet av di det var paa ein fredag han
hadde funne han og berga livet hans. So
peika han paa seg sjølv og kalla seg
husbond og fekk Fredag til aa skyna at han
skulde kalla ’n soleis. Sidan lærde han
honom aa segja „ja“ og „nei“ og skyna
meiningi med desse ordi, og daa Fredag
soleis hadde byrja aa læra, var det ikkje lenge
fyrr han lærde meir etterkvart. — Daa dei
skulde eta til kvelds, sette Robinson fram
gjeitemjølk i ei skaal og byggbrød til han
og synte korleis han skulde eta ein slik mat.
Fredag gjorde etter som Robinson gjorde
fyre, og det var likt til at han lika denne
maten godt.
Dei var der i hola um natti og. Tidleg
um morgonen dagen etter gjekk dei upp paa
haugen ovanfor huset til Robinson. Daa var
alle baatarne burte og ingen av villmennerne
aa sjaa. Dei maatte ha stroke sin veg um
kvelden eller natti og ikkje gjeve seg tid til
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>