- Project Runeberg -  Robinson Kruso /
148

(1905) Author: Daniel Defoe Translator: Rasmus Løland
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - XXIV. Robinson og Fredag

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

148
aa leita meir etter langen og dei tvo andre
som var burtkomne. Daa var det ikkje noko
aa ottast lenger. Men det var likevel best
aa vera varsam og sjaa seg vel fyre. Dei
væpna seg godt og tok so i vegen sudetter
til strandi der villmennerne hadde halde til.
Det hadde vore fælt aa sjaa der manne
elarane badde halde festmaal fyrr, men her
var det endaa mykje verre. Der var heile
dungar med bein og laag store stykke med
kjøt som. var berre halv-etne. Det maatte
vera tvo-tri fangar som var drepne og etne
denne gongen. Men nokon av manne-etarane
sjølv var ikkje aa sjaa no heller.
Daa dei hådde sét paa denne stygge
domen eit bil, gjorde Robinson teikn til
Fredag at han skulde samla ihop alle leivnin
garne og beini og brenna dei paa eit baal.
Fredag tok straks til aa gjera som han var
fyresagd, men han kunde ikkje løyna at han
med det same hadde god hug til aa smaka
paa kjøtet. Daa gjorde Robinson seg vond
og synte med teikn kor fælt han tykte det
var aa eta kjøt av menneskje, og Fredag
vaaga ikkje anna enn aa tøyma seg og lata
det vera.
Sidan tok Robinson Fredag med seg
heim til borgi si, og villmannen var reint
forbina yver alt det han der fekk sjaa. Han
gjekk heilt naken enno. Det fyrste Robinson

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sat Jan 25 00:00:05 2025 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/nnkruso/0150.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free