- Project Runeberg -  Robinson Kruso /
149

(1905) Author: Daniel Defoe Translator: Rasmus Løland
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - XXIV. Robinson og Fredag

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

149
maatte lenkja paa var daa aa gjeva han
klæde paa kroppen. Han gav han eit par
lereftsbuksor som han hadde funne i ei av
skipskistorne og laga ei trøya av gjeiteskinn
aat han, og paa hovudet fekk han ei huva
av hareskinn. Fredag tykte det stod svært
gildt til daa han hadde fenge desse fine klædi
paa seg. Men han kjende seg likevel noko
klemd av dei; det var vel fyrste gongen i
sitt liv han hadde klæde paa seg. Han tykte
dei gnog paa armarne og akslerne og mange
andre stader. Men daa Robinson hadde stelt
noko paa klædi og gjort dei romare, kom
han etterkvart til rettes i dei og vande seg
til dei.
Dei fyrste næterne Robinson hadde Fre
dag heime hjaa seg, vaaga han Ikkje aa ha
han inne i huset der han sjølv laag og sov.
Han tok alle vaapni sine med seg inn og
stengde vel att etter seg og let Fredag liggja
ute millom det inste og ytste gjerdet. Vill
mann var villmann, so han kunde kje enno
vera heilt trygg paa han. Men han skyna
snart at det fanst ingen grunn til aa ottast.
Det kunde ikkje finnast trugnare tenar hell
Fredag. Han heldt av herren og husbonden
sin som det skulde vera hans eigen far; han
hadde visst gjerne late livet for han.
Det synte seg snart at Fredag hadde rett
godt næme og gode evnor og, attaat at han

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sat Jan 25 00:00:05 2025 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/nnkruso/0151.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free