- Project Runeberg -  Robinson Kruso /
166

(1905) Author: Daniel Defoe Translator: Rasmus Løland
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - XXVI. Dei byggjer ny baat og vil ut paa ferd - XXVII. Dei slæst med villmennerne att

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has been proofread at least once. (diff) (history)
Denna sida har korrekturlästs minst en gång. (skillnad) (historik)

her paa desse kantar. Himmelen var mest
alltid klaar, so ein hadde soli og stjernorne
aa retta seg etter, so nær som i regntidi, og
daa brydde ingen seg um aa taka ut paa
ferd, korkje paa land eller sjø.

*



XXVII.

Dei slæst med villmennerne att.



I sju og tjuge aar hadde Robinson no
vore her paa øyi si. Dei tri siste aari hadde
han havt Fredag hjaa seg og havt det betre
enn fyrr paa alle maatar. Paa aarsdagen
etter han kom hit heldt han minnefest att,
for 27de gongen. Hadde han havt mykje
aa takka Gud for fyrr, so hadde han endaa
mykje meir aa takka for no. Attaat alt det
andre, so hadde han no fenge ei so god von
um at det snart leid mot enden med fangetidi
hans her paa øyi. Det var som han kjende paa
seg at han ikkje kom til aa vera her aaret ut.

Det tok til med regntidi daa dei var
ferdige med baaten, og det var ikkje aa
tenkja paa nokor ferd fyrr den var yver.
Dei tok og rodde baaten langt upp i

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 19:48:57 2023 (aronsson) (diff) (history) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/nnkruso/0168.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free