Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - XXVII. Dei slæst med villmennerne att
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has been proofread at least once.
(diff)
(history)
Denna sida har korrekturlästs minst en gång.
(skillnad)
(historik)
elveosen sunnanfor og la han godt i hamn der
so lenge og tetta godt yver han med greiner.
So heldt dei seg inne og i ro so lenge uveret
varde.
Daa godverstidi tok til att, for dei straks
til aa laga nistemat og bu seg til ferdi paa
allé maatar. Um ei vika eller fjortan dagars
tid tenkte dei alt paa aa taka ut. So var
det ein morgon Robinson bad Fredag gaa
ned aat strandi og sjaa etter um han kunde
firma ei skjoldpadda; dei fann seg jamt ei
for kvar vika. Fredag gjekk, men han hadde
kje vore lang stundi burte fyrr han kom
springande heim att og flaug yver gjerdet
som det skulde brenna under føterne hans.
Aa husbond, husbond! aa sorg, aa
syrgjelegt!" ropa han.
Kva er det, Fredag?" ropa Robinson og
vart forstøkt han og.
Aa der, der!" sa Fredag, ein tvo tri
baat, ein tvo tri!" Robinson skyna at det
var eit fylgje med villmenner som hadde
kome dit att, og han trudde i fyrste laget
at det var heile seks baatar, sidan Fredag
sa ein tvo tri" tvo gongjer ; men han skyna
snart at det likevel var berre tri. Fredag
skalv og var reint vitskræmd der han stod;
han kunde kje tenkja seg anna enn at vill
mennerne no vilde leita etter han og drepa
og eta han.
x
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>