Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - XXVIII. Spanjoren og far til Fredag tek ut paa ferd
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
183
etter det som Robinson . sidan fekk høyra,
hadde dei i lang tid ,rædsla for denne øyi
og trudde at alle som kom her vart drepne
av eld fraa gtidarne; for dei tri i baaten
hadde nok berga seg heim att til slutt, kor
som var, og fortalt um det- fæle som hadde
hendt her paa øyi.
Men alt dette kunde Robinson ikkje vita
noko um enno, og han kunde ikkje vera viss
paa at det var aa lita paa det som den gamle
sa. Han gjekk difor og ottast for villmennerne
ei heil tid enno og venta paa hemni, og dei
var alltid godt væpna alle fire og godt budde
paa aa verja seg. Men daa det hadde gjenge
ei heil tid og ingi villmenner kom, vart han
rolegare og tryggare att.
— Sidan manne-etarane kom no sist og
der vart so mykje anna aa tenkja paa, hadde
det ikkje vorte meir av med den store ferdi
yver havet som Robinson og Fredag hadde
tenkt so lenge paa og butt seg til. Men no
tok dei til aa tala um denne ferdi att, og
far til Fredag lét um at dei vilde verta godt
mottekne naar dei kom til folket hans. Men
Robinson skyna at det var best aa tenkja seg
vel um enno og høyra kva spanjoren meinte,
og av honom fekk han vita mangt som ikkje
var berre godt.
Dei 16 kvite som var hjaa indianarane
fekk nok vera der i fred paa ei vis, sa han;
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>