Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - XXVIII. Spanjoren og far til Fredag tek ut paa ferd
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
186
det var raad. Spanjoren og far til*Fredag
skulde fara yver havet no straks og tinga
med dei. Lova dei daa det som Robinson
kravde, skulde dei vera med attende med det
same. — Men daa alt var reidugt til ferdi,
kom spanjoren sjølv til Robinson og sa at
det var nok :best dei venta enno ei tid fyrr
dei for.
Han hadde vore der ein maanads tid no,
sa han, og sét kor mykje korn og matvaror
der var i huset. Det var nok for tvo mann
til næste hausten, og naar dei stelte seg var
samt kunde det rekkja til for fire. Men kom
alle dei sekstan spanjorarne hit, vart det reint
for lite. Og endaa mindre vilde maten rekkja
til naar dei fekk skipet ferdigt og skulde av
stad og maatte ha noko aa liva av paa den
lange ferdi. Han tykte difor at dei fyrst
maatte raada seg til med meir matvaror, fyrr
dei gjorde noko anna. Dei maatte brjota
upp ny aaker og saa ut alt det saakornet
dei hadde, og so venta til det vart haust att.
Daa fekk dei korn nok for alle, naar dei
kom hit, og ingen skulde faa noko aa klaga for.
Men vart det naud for mat, so kunde dei
lett verta misnøgde; dei kunde tykkja at dei
berre var komne fraa det eine vonde og i
det andre og verta vande aa koma til lags
med. nDu veit", sa han, at israelsborni
fyrst var glade for dei var berga ut or
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>