- Project Runeberg -  Robinson Kruso /
199

(1905) Author: Daniel Defoe Translator: Rasmus Løland
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - XXIX. Upprørarane - XXX. Det kjem fleire av sjømennerne i land

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has been proofread at least once. (diff) (history)
Denna sida har korrekturlästs minst en gång. (skillnad) (historik)

naud og faare, alt til han no paa ein likso
underleg maate hadde fenge berga dei tri som
var i livsfaare. Skipperen vart sistpaa so
teken at han gret og kunde kje segja eit ord.

*



XXX.

Det kjem fleire av sjømennerne i land.



Daa Robinson hadde fortalt alt dette, tok
han dei tri mennerne med seg heim til huset
sitt. Han gav dei mat og synte dei sidan alt
det han hadde fenge i stand og bygt i alle
dei aari han hadde vore her. Dei var ovende
forbina paa alt det dei saag. Det som
skipperen undra seg aller mest yver var at
Robinson hadde kunna løyna heimstaden sin so
godt. Dei tréi han hadde sett utanfor borgi
si for mest 20 aar sidan, hadde no vakse upp
til ein stor skog som det mest ikkje var raad
til aa koma igjenom. Der var ingen annan
inngang enn ein smal stig som bugta seg
fram millom tréi.

„Dette er sjølve borgi og slottet mitt,“
sa Robinson; „men eg hev eit hus paa landet
og, soleis som alle storfolk hev det. Der kann

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 19:48:57 2023 (aronsson) (diff) (history) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/nnkruso/0201.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free