- Project Runeberg -  Robinson Kruso /
200

(1905) Author: Daniel Defoe Translator: Rasmus Løland
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - XXX. Det kjem fleire av sjømennerne i land

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

200
eg bu um sumaren, naar eg hev hug til det.
Dette huset skal eg syna dykk ein annan
gong; for no hev me anna aa gjera. No lyt
me fyrst og fremst tenkja paa korleis me skal
faa taka skipet att fraa upprørarane."
Skipperen meinte det same, men han
kunde ikkje gjera seg nokon tanke um kor
leis dei skulde bera seg aat. Der var 26
mann paa skipet, og dei vilde nok verja seg
so lenge dei vann; for dei visste kva dei
kunde venta seg, dersom dei tapte og vart
fangar. Alle slike upprørarar skulde etter
lovi verta hengde so snart dei kom attende
til England eller til ei engelsk nybygd. Det
var daa reint uraad aa taka paa dei med so
faa folk som dei no var, sa han.
Robinson skynå at han hadde altfor
mykje rett i dette. Dei maatte bruka andre
raader og sjaa til aa faa upprørarane i fella paa
eikor vis. — Dei som er att paa skipet," sa
han, veit éndaa ingen ting um korleis det
er gjenge med dei som hev rott i land.
Dei undrar seg vel paa kvifor dei ikkie kjem
att, og vil vel snart koma i land med ein
baat til og leita etter dei. Det fyrste me daa
hev aa gjera er at me slær hol i den baaten
som ligg nedmed strandi og gjer han übru
kande, so dei ikkje karm taka han med
seg att."
Daa dei so vidt var ferdige med dette,

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 19:48:57 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/nnkruso/0202.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free