- Project Runeberg -  Robinson Kruso /
204

(1905) Author: Daniel Defoe Translator: Rasmus Løland
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - XXX. Det kjem fleire av sjømennerne i land

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

204
baaten, styrde dei inn mot land att. Men
denne gongen for dei varlegare fram. Berre
sju av dei gjekk denne gongen i land. Dei
tri andre vart verande etter og skulde vakta
paa baaten. Dei rodde eit stykke utpaa og
la seg til aa venta der.
Dette var og ei leid vending for Robinson
og folki hans. Det var ikkje tanke um aa
faa tak i baaten no, og slapp den undan, so
var det lite vunne um dei fekk taka dei sju
som var paa land. Naar dei tri i baaten
kom ut til skipet og fortalde at alle som
gjekk i land paa øyi vart burte, var det alt
for visst at dei vilde taka støkken og strjuka
sin veg med skipet med ein gong. Der var
daa ikkje onnor raad enn aa venta og sjaa
koss det vilde laga seg.
Dei som hadde gjenge i land heldt seg
tett saman og gjekk upp imot høgdedraget
ovanfor borgi aat Robinson. Daa dei var
komne upp paa ein høg fjelltopp og kunde
sjaa vidt ut yver skogarne og dalarne nord
legst paa øyi, tok dei paa nytt lag til aa ropa
og gaula. So sette dei seg ned og raadlagde
um kva dei skulde gjera, og vart sitjande eit
langt bil.
Robinson og mennerne hans skyna at
dei ingen ting kunde gjera fyrr det vart
myrkt um kvelden. Var dei sju mennerne
ikkje komne att til daa, so kunde dei kan

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sat Jan 25 00:00:05 2025 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/nnkruso/0206.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free