- Project Runeberg -  Robinson Kruso /
205

(1905) Author: Daniel Defoe Translator: Rasmus Løland
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - XXX. Det kjem fleire av sjømennerne i land

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

205
skje firma paa ei furda til aa lokka baaten
i land.
Dei sju uppaa fjelltoppen hadde endeleg
reist seg og for til aa gaa, og daa tok dei
vegen beint ned til baaten att. Det var likt
til at dei hadde vorte rædde og ikkje vaaga
aa leita lenger, og at dei no vilde strjuka sin
veg for aalvora. Skipperen vart forskræmd
att, og Robinson vart og uroleg. Men so fann
han paa ei god raad til aa lura dei.
Han sende Fredag og styrmannen ned
aat skogen attmed elveosen ein stad; der
skulde dei staa uppaa ein haug og ropa alt
dei orka, so sjømennerne høyrde det. Fekk
dei daa noko svar, so skulde dei svara att og
faa dei til aa tru at det var dei burtkomne
som ropa og var komne paa villstråa. So
skulde dei taka ein umveg uppetter skogen
og halda seg godt løynde og halda paa aa
ropa, og svara naar sjømennerne ropa. Soleis
skulde dei sjaa aa faa lokka dei etter seg
innetter skogarne so langt dei berre kunde;
so skulde dei med ein gong tagna og lura
seg attende til Robinson og folki hans.
Dei sju sjømennerne var alt komne ned
aat strandi og var aat aa gaa i baaten, daa
Fredag og styrmannen tok til aa ropa. Dei
høyrde det og svara, og det gjekk daa plent
furda, raad, utveg.

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sat Jan 25 00:00:05 2025 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/nnkruso/0207.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free