- Project Runeberg -  Robinson Kruso /
221

(1905) Author: Daniel Defoe Translator: Rasmus Løland
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - XXXII. Dei tek skipet

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

221
/
de sjølve koss det gjeng. Daa er det snart
ute med dykk. Men vil de vera att her paa
øyi og bu her, so skal eg lata dykk sleppa
med livet. Det er det einaste eg karm gjera
for dykk. Det stend daa til dykk sjølve kva
de vil, og iim de trur de karm berga dykk
her."
Dei svara alle som ein at dei gjerne vikle
taka imot dette tilbodet. So vart dei samde
um dette paa baae sidor, og fangarne vart
løyste og sette paa fri fot. Men dei skulde
halda seg uppe-i skogarne enno for det fyrste,
til Robinson drog sin veg.
So byrja Robinson aa gjera seg ferdig til
aa gaa ombord paa skipet. Han vikle vera
heime’ i huset sitt til næste dagen og skipa
eitt og anna der; men skipperen skulde gaa
umbord no straks og gjera alt reidugt til aa
taka imot han. So skulde dei senda ein
baat i land dagen etter og henta han. Skip
peren lova med same at han skulde hengja
liket av røvarskipperen upp i mastrerne, so
alle innpaa land kunde sjaa det.
Eit bil etter sende Robinson bod etter
dei fem mennerne uppi skogen og let dei
koma heim til borgi si. Han tala lenge
og aalvorsamt med dei og fortalde alt saman
um korleis han hadde kome til denne øyi og
vore her i so lang tid. Han synte dei huset
sitt og alt han hadde bygt og fenge i stand

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 19:48:57 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/nnkruso/0223.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free