Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - XXXII. Dei tek skipet
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
220
Daa slo Robinson frampaa um at dei
kunde lata dei fem fangarne vera att her paa
øyi, naar han reiste heim. Dette lika skip
peren godt. So sende dei nokre mann av
stad til aa taka fangarne ut or hola og leida
dei upp til lauvhylta, og sidan gjekk Robin
son og skipperen dit upp og tala med dei.
Robinson vart kalla landshovding no som
fyrr, og han kunde godt syna seg for fangarne
no, daa han hadde fenge so fine klæde. Han
fortalde at han visste alt um kva dei hadde
gjort, og at skipperen og folki hans no hadde
teke skipet att. Den nye skipperen hadde fenge
si løn, sa han, — dei skulde snart faa sjaa han
hanga i mastrerne utpaa skipet. Og han —
landshøvdingen — kunde lata dei hengja, dei
og, dersom han vilde. Men han vilde vera
so rettvis som han kunde, sa han, og lata dei
faa koma fram med alt det dei hadde aa
orsaka og forsvara seg med.
Dei svara at dei ikkje hadde anna aa
segja enn at skipperen hadde lova dei livet
den gongen dei vart gjorde til fangar, og dei
bad for seg so fint som dei berre kunde.
Daa svara Robinson at han og alle I’olki
hans hadde sett seg fyre at dei vilde fara
burt fraa øyi og fylgja skipet heim til Eng
land. Men skal me taka dykk med," sa
han, so vert me nøydde til aa lata dykk koma
tor retten naar de kjem fram, og daa veit
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>