Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - XXXII. Robinson fer heim
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
227
nokon viss liveveg. Beste eigedomen hans
var den gode garden han hadde reist ifraa
i Brasilia. Men korleis var det gjenge
med den i alle desse aari? Han hadde kje
vore lenge i England fyrr han tok i vegen
att og vilde faa greida paa dette. Han hadde
Fredag med seg no som fyrr og for fyrst til
Lissabon i Portugal. Der var han so heppen
at han raaka att den skipperen som hadde
teke han med til Brasilia den gongen han
hadde rømt fraa maurarane. Skipperen var
gamall og skral no og hadde ikkje vore i
Brasilia paa mange aar; men han hadde
likevel god greida paa korleis det stod til
med eigedomen til Robinson.
Det er fyrr fortalt at Robinson hadde
sett upp eit ervebrev den gongen han skulde
til Afrika etter trælar. Kom han burt paa
ferdi, so skulde skipperen fraa Portugal hava
den eine helvti av alt han aatte, og
folket hans i England den andre helvti. Men
dette ervebrevet hadde ikkje enno vorte sett
i verk. Det var nok det mest trulege at
Robinson var daud og burte for lenge sidan;
men det var ikkje heilt visst eller sannspurt
enno. Som det fyrr er fortalt skulde dei
som kosta ut skipet til Afrika, styra med
eigedomen hans so lenge. Det hadde dei
gjort i lang tid frametter, og garden hadde
gjenge fram fraa aar til aar og gjeve gode
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>