Full resolution (TIFF) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
CHRISTOPHER^BRUUN
Christopher Amt Bruun var
fødd i Kristiania 23. septem*
ber 1839. Faren, stiftsover*
retsprokurator Johan Peter
Bruun, døydde tidleg, og
mori, som var fødd Stenersen,
flutte med borni upppaa
Heidmarki og sidan til Litle*
härnar, der Christopher gjekk
paa skulen.
Her paa skulen kom den
unge guten inn i ei kristeleg
vekkjing som tok honom
sterkt. Ein av skulegutane
var førår, og dei dreiv paa
med bibeltimar og bønemøte.
Mange fall sidan ifraa, men
Bruun fekk eit merke for
livet.
Samstundes vart han fånga
av eit menneskjelegt ideal*
hugmaal som maaisaki. Løk*
kes grammatik fortalde at det
maafet dei bruka i bøkerne, ikkje var det rette norske, og daa
drog Bruun den praktiske slutning, at me, burde taka upp att det
rette norske, som me hadde i bondemaalet.
So känn me segja at Bruun alt paa skulebenken fekk kveiken
i seg til det som han sidan hev stridt for: Livande kristendom
og livande norsk nationalitet.
Student vart han i 1856; han valde det theologiske studium
og vart cand. theol. 1862. Den tidi meinte theologane at det
var for verdslegt aa vera med i Studentersamfundet. Men
Christopher Bruun var med, og det fyrste fyredraget han heldt
der, gjekk ut paa at theologane ikkje skuide skilja seg ut, men
vera med i studentlivet og i Samfundet. Dei kristne skuide
vera salt i verdi og gjera seg gjeldande der. Her hev me
atter ein av dei grunntankar som hev fylgt Bruun sidan.
Tvo straumdrag fraa Danmark møtte dei unge studentår i
denne tid. Det eine var fraa Søren Kierkegaard med hans abso*
lutte idealitetskrav. Det andre var fraa Grundtvig med hans
eldhug for menneskjelivet. Baae desse straumane fekk stor
innverknad paa Bruun. Han vart grundtvigianar, men med ein
undertone av aalvor som kunde grensa burtimot asketisk livs*
syn, allvisst naar det galdt hans eigi livsföring.
14
209
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>