- Project Runeberg -  Nordens årsbok / 1921 /
210

(1921-1929)
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (TIFF) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

IN MEMORIAM

So var det skandinavismen som fyllte studentane med eld*
hug. Dei store skandinaviske studentmöte nørde elden, og
Bruun var med i dette med liv og sjæl.

Men so kom den aalvorsstundi daa den store ide skulde
setjast paa prøva i livet. Det var danskekrigen i 1864. No
kom spursmaalet til den norske og svenske ungdom: Vil de
stånda ved det de hev lova i dei store eldhugsstunder? Vil
de hjelpa det broderlandet som er i naud?

Brunn var paa den tidi i Rom saman med mor si og ein
bror og ei syster. Der let han aandi fraa den gamle soga susa
yver seg, og serleg brann det i hans sjæl daa han las um det
vesle hellenarfolket og fylgde det i striden for fridom og sjølv*
stende.

So kom soga og lagde den same uppgaava inn i hans eige
liv. Nær ved hans heimland var det eit lite folk söm stridde
for livet. Kva skulde no ein ung mann gjera som glødde for
Leonidas? Bruun visste det med same. Han vilde vera med
og hjelpa.

Diktarane heime mana det norske folket til aa hjelpa.
Ibsen «slynged paa rim et klokkeklemt» ut yver Norig. Men
daa han det hadde gjort, for han fraa Norig og fraa Danmark
til det gamle Rom. Han flydde fraa den arme samtid og vilde
gøyma seg av i den gamle soga.

Christopher Bruun hev altid elska poesi, men mest den poesi
som syner seg i livet. . Eit liv fyldt av idealboren daad, det er
det fagraste dikt.

No for han ein annan veg enn Ibsen, ja den motvende
vegen. Bruun sat i Rom og midt i den gamle soga daa krigen
kom. Men han drog ut fraa gamletidi og inn i samtidi, ut or
minne og inn i daad, burt fraa framandlandet og heim til fedra*
landet som ikkje vilde hjelpa, og til broderlandet som trong
hjelp. Det var eit dikt i daad som var større end Ibsens
klokkeklemt.

I februar 1864 reiste Bruun fraa Rom. Han hadde meldt
seg til friviljug soldat i krigen, men fyrst viide han tala til dei
norske studentår. Det gjorde han i slutten av mars maanad,
nett den same kvelden daa Ibsens vener heldt avskilsfest for
diktaren som skulde til Rom.

Bruuns tale var ei aal vorleg maning til truskap mot idealiteten,
til aa gjera idealet verkelegt i livet. ^Idealitet, sandhed og ret
er ikke noget man har til at holde taler om ved festlige leilig*
heder, men til at leve, kjæmpe og dø for om det kræves.»

Me kann tenkja det beit i samvitet paa studentane. Men
Samfundet kom ikkje lenger enn til ei «sympatiadressa» til dei

210

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 19:56:35 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/nordensar/1921/0218.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free